Om du vil vite litt mer om ham kan du ta en titt inn å Allkunne - se her. Jeg er litt betatt også da, og mest av alt av hans ord.
Hans "under 140-tegns poetiske meldinger" er i flg ham selv ofte(st) utgitt allerede, - men jeg er utrolig lykkelig over at jeg får lov til å samle på hans poetiske slipp her.
Noe i min bibliotekariske sjel stritter imot, - hei - her er det ikke noen referanser til det utgitt verk, det går da ikke. Men ok, - dette er ikke noen avhandling med referanser og litteraturliste, - dette er et blogginnlegg der jeg har fått lov av forfatteren til å gjengi det han deler med oss på twitter.
Here goes, det nyeste først, - eldre nedover:
........................
Eit blikk Eit andlet Eit plutseleg lys av liv i denne steinsette dagen Kan ein anna enn å gje seg over og seia Du?
Inne mellom glødetådane i lyspæra, mellom treverket i stolen sine samanføyningar, overalt i nyvaska laken Uhøyrleg knitrande kvitt syng ein song av menneskearbeid. Dette gjev eg min plante av kjærleik som veks gjennom min ryggrad, Faldar sitt raude kronblad ut i min munn
Mjukt slår noko mot nattas gongong
og mest uhøyrleg går tonane utover vatnet og sanden og famnar kvelden i hjartet:
ein sting.
....................................................................
Vemodsblått avslått nedtona mørker. Varmbrun vinrød haustjordmold. Grønsvart moseberg. Borg av lengt. Bak tett dis vag varsam måne.
..............
Jeg tror jeg tillater meg litt typografisk redigering fra nå av,- uten å ha spurt:
Vemodsblått avslått nedtona mørker.
Varmbrun vinrød haustjordmold.
Grønsvart moseberg.
Borg av lengt.
Bak tett dis vag varsam måne.
..............
Kven er kvitblått lysande blankt blenkjande oransje kyss løfta gjennom lufta av hjartets dunk og rett i verdas klare blikk?
...............
Og ein annan gong. Ein stoggar opp.
Dagen viser fram innhaldet i ryggsekken: Sjå her!
Og det er bare ubehagelege restar. Dei er der. Ja.
..................
Dagen pusta meg i nakken.
Eg sette meg tett inntil morgonen.
Eg tok meg tid til ein pust.
Morgonen opna ein bærepose med gleder. Sjå her!
..................
Svien i det andre kinn. Rødmen over dei store byane.
..................
Han sat ved bardisken.
Den amerikanske lufta og musikken utan menneske var roleg som giljotinar.
Håret i nakken var strå for strå.
...................
Eg treng eit stort hus til alle tankane mine.
I femte etasje bur skyene.
Karavaneføraren målar eg ikkje.
....................
Medan eg såper inn håret, fell skuggen av lengt på vatnet.
....................
Morgonen er mørk og ventande.
Eg held begge hendene kring keramikk-koppen med kaffi og sukker.
Eit varmt haldepunkt i stilla.
Pustar inn.
...........................
Ei tyngd av store ting forlatne i fabrikkhallen om natta.
Ein lengt mot stilla i fjell og vide myrer.
...........................
Opp av nattas smale kasse kjem eg
inn i rituala med lys
og skapar eit lite rom for hymnene
for det som hektar dagane i hop
..................................
Byen om morgonen er blå duer og små lastebilar med kaffilukt
Unge menneske i fortausrytmer med auge som vibrafontonar
...................................
Augene er inngangen til det glødande samværet.
Det som får ordlyset til å klinga.
...................................
Hegregrått regn
Når valmuen opnar seg
er det morgon.
...................................
For hans høgre øyra: natthav
For hans venstre øyra: barnepust
Imellom ligg han strak
Frå dette punkt i huset skal hans kjærleik flyga
3 kommentarer:
jeg følger også torvund på twitter! Hverdagen blir magisk, verden vakker. Så fint at du samler på dem. Her kan jeg stikke innom for en poetisk innhalering...Fin blogg!
Så hyggelig, - både med besøk, og hyggelige ord.
Jeg fant ut at jeg måtte begynne å sanke, - og var glad for at Torvund sa ja. Det er hyggelig å kunne lese om igjen - ikke alt på eng gang, - menfår en gjenkjennde smakebit. Tror kanskje jeg må legge en peker i margen så han ikke forsvinner rakt inn i arkivet etter kort tid.
Ellers tror jeg rett og slett at jeg skal ønske meg en av bøkene hans til jul.
Ja, sannsynligvis sa det er
Legg inn en kommentar